Vanylven Golfklubb
Posted: 18 Mar 2011, 16:59
Tenkte eg skulle prøve meg på ein omtale om min heimklubb, Vanylven Golfklubb. Vi held til i den vesle bygda Eidså i Vanylven kommune, Møre og Romsdal. Etter at det hadde eksistert ei kort 6-holsbane sidan 1998, blei den nye 9-holsbana åpna for spel sommaren 2004. Med smale fairwayar, utfordrande bunkersar og omgitt av skog og elvar framstår Vanylven Golfpark som ei spanande og utfordrande golfbane.
Vi er også stolte av og vere ein av to golfklubbar i landet som har kunstgras som underlag på alle greenar. Dette prosjektet blei fullført på dugnad sommaren 2010, og vi har derfor speleklar bane og greenar året rundt, så lenge det ikkje er snø.
Andre fasilitetar på anlegget vårt er klubbhus med kjøkken/toalett/dusj, møterom og ein liten proshop med det mest nødvendige. Vi har sjølvsagt driving range med ballautomat, og det er mulig å leige golfkøller.
Vanylven Golfpark hol for hol:
Hol 1 er eit greit rett fram par 4 hol. Ein ser ikkje flagget frå utslaget. Eit langt jern ut her holder for dei fleste. Det vansklegaste med dette holet er greenen. I tillegg til at den er smal i lengderetninga, er dette ein platå- green. Innspelet her må vere presist, litt for langt og en risikerer å havne i bunker/vannhinder bak greenen. Mange vil nok safe kort her.
Hol 2 er eit enkelt par 3 hol. Gul tee og green ligg på samen nivå, raud tee ligg 2 meter lavare enn green. Out of bounds langs venstre side. Sidevasshinder langs høgre side. Framfør green ligg det ein stor bunker med magisk tiltreknings-kraft.
Hol 3 er eit av dei vansklegaste på bana. I tillegg til at det er det lengste par 4- holet, er det ein høgdeforskjell på +15 meter fra utslag til green. Langs heile venstre side er det sidevanshinder, og langs høgre side er det out of bounds. Eit langt og presist utslag er påkrevd her, om du skal klare par på dette hullet.
Hol 4 er det kortaste par 3 holet på bana. Ein stor green i tillegg gjer dette til eit forholdsvis lett hol. Ein må likevel ha eit godt utslag. Kjem ein for langt til venstre kjem elva i spel, og langs høgre kant er det out of bounds. Det er også ein bunker i forkant av greenen.
Hol 5 er eit par 4 hol, dogleg høgre. Ein har mykje fairwayå jobbe med på utslaget, men på innspelet lurer farer på alle kantar. For det første må ein over elva. På venstre side er det sidevasshinder og til høgre og bak out of bounds. I tillegg er det to små bunkerar i forkant av green. Greenen er ein platå green, og det kan vere ein fordel å ligge kort av flagget og få ein oppførs putt.
Hol 6 er det einaste par 5 holet på bana. Holet er 406 meter langt, dogleg venstre. På andre slaget velger dei fleste å følge fairwayen, men om ein vil kan en kutte her og slå over fairway på hol 5. Fordelen er kortare innspel, men misser ein og ballen landar på fairway hol 5 er den out of bounds. Greenen her ligg ein del lavare enn fairway, så innspelet her er utfordrande. Bak green finn vi ein nedoverbakke, så her bør ein spele kort og satse på at ballen trillar inn på green
Hol 7 er det kortaste par 4- holet på bana, men er allikevel eit vanskeleg hol. Grunnen til det er at det er oppfør heile vegen fram til green, og innspelet kan by på utfordringar: Kjem ein for langt til venstre på utslaget, blir mykje av greenen dekt av skog, så hold deg på høgre sida på utslaget. Kanten foran green er klipt som rough, så her vil du ikkje havne.
Hol 8 er eit flott par 4 hol, og kan vel kallast signatur-holet vårt, med si storslåtte panoramautsikt ut over Syvdsfjorden. Svak dogleg venstre. Fra tee her har ein god utsikt. Greenen ligg ca 13 meter lavare enn tee. På utslaget er det ein fordel å holde seg på venstre kant, då vil ein få det lettaste innspelet. Går ein for langt mot venstre havnar ballen i elva. Frå høgre sida får ein eit innspel som går på tvers av green, og da er det lett og havne i skogen bak green.
Utsikt i frå gul tee, hol 8.
Hol 9 er det lengste par 3 holet på bana. Med sine 145 meter er det eit krevjande hol. I tillegg er det to bunkerar som vaktar greenen, ein djup bunker foran og ein stor bunker på høgre side. Bak green er det vann-hinder, så unngå å slå for langt.
Er du på Sunnmøre på golf-ferie, bør du absolutt ta turen til Eidså!