Franz wrote:
Jeg tror han vet bedre, men jeg tror han har erfart at adressering og impact ikke er samme posisjon, og at det derfor ikke hjelper å gjøre det mer komplisert enn dette.
Det er jo akkurat det du gjer ved å stille deg opp på den måten. Nei, impact og adress er ikkje lik, men du tar eit grep som får deg til å returnere køllehovudet til ein lik posisjon når du treff ballen.
Franz wrote:
"Inn-til-ut, square, ut-til-inn"? Det skjønner jeg ikke. Sorry. Jeg forstår som sagt at det ikke er teoretisk umulig, men det er veldig usannsynlig. Hvis "ca rett frem" også teller er det naturligvis noe helt annet. Poenget her var at proffene sjelden satser på rette baller.
På den første av dei nederste pilene ser du ein sving som går utanfrå og inn.
På den andre ser du ein sving som går inn-til-ut, så square ved ballen, så ut-til-inn etter ballen. Treff du ballen på punktet midt på den midterste med eit parallelt køllehovud vil ballen gå rett fram utan sideskru.
Franz wrote:
Du misforstår meg litt. God oppstilling og god sving er forenlig, men å slå en rett ball ved hjelp av den teknikken videoen din viser er ikke forenlig med en god sving.
Kva video? Vidoen viser korleis ballen oppfører seg, ikkje nødvendigvis korleis du skal slå ein draw. Du slår ein rett ball når svingspor og køllehovud er vinkla likt ved balltreff. Det vil du sjølvsagt aldri oppnå med den første videoen, den viser berre at ballen starter der køllehovudet peiker. Difor vil du aldri treffe flagget om du treff ballen med køllehovudet mot flagget og eit svingspor inn-ut eller ut-inn.
Franz wrote:
Det jeg PRØVER å skrive er at videoen til JR har prinsippene på plass. Jeg er helt enig i at det ikke er 100% presist, men dét er ikke det du refererer til heller. Det er ikke sånn at man plutselig kan slå en draw rett på flagget hvis man bare sikter 5 grader høyre. Vi må ta høyde for at impact-posisjonen er en annen enn adressering
Kvifor er ikkje det eg beskriv riktig? Med Rose sin metode vil du
aldri treffe flagget om du gjennomfører det du stiller deg opp for å gjere. Med min metode vil du treffe flagget. Kva er upresist med det? Det er forskjell på adress og impact, men du stiller deg alltid opp med tanke på korleis du vil ballen skal skru og kvar den skal lande. Du stiller deg ikkje opp heilt tilfeldig og satsar på å kompensere gjennom svingen for å treffe det du har tenkt å treffe.
Franz wrote:
Ok. Hvor mye til høyre skal man sikte da? 14,7%?
Det avheng av svingspor. Om du har gode målingar av ein spelar kan det reknast ut ganske riktig, men det er sjølvsagt ikkje realistisk. Kor langt du skal sikte og kvar du skal vinkle køllehovudet avheng av din sving, så det må du finne ut ved å prøve og feile. Ved å svinge 10º høgre med køllehovudet 5º høgre vil du treffe målet ganske bra, avhengig av kølle. Om du svinger 10º høgre med køllehovudet 0º (rett på flagget) vil du aldri treffe det.
Franz wrote:Vi er nok ikke veldig uenige, egentlig. Jeg syns bare ikke det er noe vits i å poengtere overfor en 49-hcp´er at videoen til JR er feil, når det man vil formidle er at man har oppdaget at man må sikte bittelitt til siden. Det er så mange andre variabler inne i bildet at jeg mener man trygt kan oppsummere som JR gjør. Jeg skjønner hva du sier, at man like godt kan gjøre det riktig med en gang, men jeg tror ikke det utgjør noen forskjell. Man må uansett ta andre hensyn.
Å slå ein draw med vilje er ikkje akkurat noko eg ville anbefalt til ein 49-handicapper. Uansett så er riktig informasjon betre enn feil informasjon. Det er fleire som les forumet, inkludert låghandicappere. Det utgjer så absolutt ein forskjell, det har eg erfart sjølv. Kva er poenget med å gje feil informasjon til folk, uavhengig av handicap, når den riktige informasjonen er like enkel å forstå?
For å ta meg sjølv som eksempel. Eg har eit svingspor som går litt inn-ut. Om eg stiller meg opp parallelt med flagget treff ballen med køllehovudet rett mot flagget vil ballen starte mot flagget og ende opp til venstre for det. Om eg opnar køllehovudet litt, så det peiker til høgre for flagget, så startar ballen til høgre for det og landar nærmare flagget.
Å sei at "ballen starter der du svinger og lander der køllehovudet peiker" er feil informasjon, uansett kven som les det. Eg har sett fleire tilfelle på PGA-turen der spelarar stiller seg opp som Rose og faktisk gjennomfører det. Dei endar ofte opp med å treffe treet dei prøvar å slå rundt.
Eg er klar over at det er mange komponentar i svingen som kan gje ein draw, sjølv om du stiller deg opp som Rose, men det endrar ikkje det faktum at det han beskriv er feil. Som sagt, kvifor stille deg opp og ha ein plan om å gjere noko anna enn det du faktisk må gjere for å treffe målet?