Nærmar seg jul og ønskelisto er klar; ny bag!
Ser noken har nemnt at nokre Mizuno bagger ikkje har skilleveggane innvendig sydd fast i baggen, så køllene hekter seg sjølv med skilleveggar.
Gjelder det og på denne/andre 2012 modellar?
Eg bærer alltid bag, og med vekt på ca 1.8 kg er jo denne veldig fristande, at den er vanntett er jo og ein kjempefordel då speletido mi blir litt diktert av sambo og barn, så får eg mulighet så kan eg ikkje bli stoppa av været!
Har og tenkt litt på køllebytte, speler idag med eit Ben Hogan sett som eg arva hos far, minst 10-12 år gammalt. Ogdå kjem jo spørsmålet om fitting, men på ca 183 høyde, med heilt snitt lengde på armar og størrelse på hender, så har dei fleste sånne nettbaserte fitting komt fram til at eg skal ha standard lengde. Er idag på ca 30 HCP. Er det like greit å droppe fitting og kjøpe eit sett som eg liker og føler meg komfortabel med? Er veldig glad i lette køller, sjølv om eg har god fart på svingen.
Beklager at eg spør om det sikkert 100 stykker her har spurt om før
![Wink ;)](./images/smilies/icon_e_wink.gif)
Sondre