Siktelinja med kroppen er grei. Om du sving ut-inn eller inn-ut kan du sikte rett på flagget og framleis slå ein draw eller fade, men den delen av instruksjonen er heilt grei.Hiks wrote:har aldri sagt at ballen starter på svingsporet. viss du ser på oppstillingen til justin, så sikter han føtter og svingspor langt utenfor siktelinjen. på fadeslaget kan det se ut som han sikter minst 30-40m til venstre for flagget. når han treffer ballen med åpent køllehodet(hvilket han vil gjøre pga av at det er åpent ved oppstilling og når han tar grepet.) så vil du skape en fade/slice. ballen vil dermed lande i nærheten av målet.
Problemet med det han fortel er at ballen ikkje vil starte langt nok til venstre eller høgre. Den vil starte nokre meter til høgre eller venstre for flagget og skru forbi det.
Nei, det er omvendt. Rose startar ballen nesten rett mot flagget på grunn av at han sikter køllehovudet mo flagget. Som nemnt dikterer køllehovudet 70-90% av ballstart. Eg opnar køllehovudet og startar difor ballen til høgre for flagget og med ein draw-skru vil den skru tilbake til flagget.Hiks wrote: beklager. leste ut/inn, ikke inn/ut som du skrev. det vil jo selvsagt bli motsatt. du starter ballen nesten rett mot målet og så fader/slicer ballen bort fra det på denne måten. du vil med andre ord måtte sikte enda mer til venstre enn det justin gjør på sin video.
Det er heilt greit, eg har diskutert dette emnet i nokre år og det har skapt ein del lange diskusjonar. Eg er derimot ikkje i tvil ein plass om at det er riktig. I staden for å skrive side opp og side ned kan eg like godt kome med litt "bevis".Hiks wrote:my bad! ja det er utrolig mange måter å få ballen dit man vil på. om du slår ballen gjentatte ganger til flagget med baksiden av køllen, så kan man ikke si at det er feil. man treffer jo der man vil og hva er feil med det. synes derfor påstanden til zeph om at den enkleste teknikken som finnes for å fade/drawe en ball til målet, som virker, er feil er litt drøy:)
Først av alt. Kva faktor avgjer ballstart? Dvs. den retningen ballen startar mot når du treff den. Tidlegare har mange påstått (som Rose) at ballen startar der svingsporet går og endar opp der køllehovudet peiker. Dette er som sagt ikkje riktig.
Biletet nedanfor viser dette. Her har dei slått med 9-jern, 6-jern og driver og registrert ballflukt med Trackman, som dei fleste meiner er den beste radaren på markedet i dag. Det er forskjell på jern og driver. Ballen startar nærmare køllehovudet med ein driver enn eit 9-jern. Med driveren ligg snittet rundt 85%, mens det ligg rundt 75% med 9-jern og 6-jern.
For å ta eit konkret eksempel, dog teoretisk: Ignorer kvar du siktar kroppen, den er ein individuell faktor som kan forvirre. Du slår eit 6-jern. Svingsporet går 10º til høgre for flagget i det du treff ballen og køllehovudet peiker rett på flagget når du treff. Me tar utgangspunkt i eit perfekt balltreff. Basert på biletet over kan eg påstå at ballen vil starte ca 75% mot vinkelen på køllehovudet. I vårt tilfelle blir det 3,5º til høgre for flagget. Ballen vil starte litt til høgre, men på grunn av den store forskjellen i vinkel mellom svingspor og køllehovud vil ballen få for mykje skru og til slutt ende opp til venstre for flagget.
Igjen teoretisk i forhold til gradene, men forholdet kan fort stemme ganske godt. Det er lettare å forklare med litt store tal.
Svingsporet går lengst høgre, køllehovudet peiker midt mellom svingsporet og flagget. Ballen startar litt til høgre for køllehovudet og vil på grunn av draw-skruen fly tilbake til flagget.
Visar forskjellen på eit køllehovud som peiker rett på flagget og eit som peiker til høgre for det. Ikkje fokuser for mykje på teksten, det er grafikken til venstre som er mest interessant. Den oransje pila er Rose sin metode, den grøne er den riktige metoden. Overdrive litt kanskje.
Til slutt ein god artikkel om reglane for ballflukt: http://thesandtrap.com/b/playing_tips/ball_flight_laws
Dette verkar kanskje som eit nivå over det den gjengse golfar har bruk for, men eg meiner det er veldig nyttig å kunne. Ikkje berre for å kunne slå ein draw eller fade, men for å kunne forklare med ganske stor nøyaktigheit kvifor ballen fauk som den gjorde. Eg har tidlegare brukt eksempelet med sliceren som lukkar køllehovudet, når problemet er svingsporet. Ballflukta er den beste tilbakemeldinga me har på svingen vår. Om du er i stand til å analysere korleis ballen flyr og på den måten bestemme kva som er feil, så blir jobben med å korrigere det mykje lettare. Det har eg personleg erfart.
Eg er klar over at det høyrest bombastisk ut å påstå at tipset til Rose, som er blitt gjentatt av så mange opp gjennom åra, er feil, men det er altså tilfelle. At du er ein god golfar betyr ikkje at du kan alt om golf like godt. Det finnes diverre mange eksempel på topp PGA-spelarar som gjev ut dårlege tips. Artiklar i Golf Digest og andre blader er gode eksempel på dette.